Şarkının sözleri aşağıdadır Når Knoppar Brest , sanatçı - Glittertind çeviriyle birlikte
Çevirili orijinal metin
Glittertind
Bendik blundar og smattar så godt,
og ligg der med mjuke kinn.
Eg er ute og luftar min skrott,
og ser ned på guten min.
Då trillar ei tåre som fell imot
grøn fridomtrong.
Dei finaste fargar den speglar
i skjøn sigersong.
Det var som du sa no' til meg,
eg anda inn orda:
«Du treng å få luft i ditt sår,
og no er det endeleg blitt vår.»
Det var som du heldt kringom meg,
frå hjarte ditt strøymde:
«Du treng å få luft i ditt sår,
og no er det endeleg blitt vår.»
Bendik kikkar og lyftar sin kropp,
og undrar: Kva er det som skjer?
På himmelen dansar det kvite på blått.
Han smiler no til meg og ler.
Då sløkkjer mitt auge sin tørst i
ein brønn, nok ein gong.
Som fjellbjørkeriset, eg spring ut
i grøn jubelsong.
Farklı dillerde şarkılar
Tüm dillere yüksek kaliteli çeviriler
İhtiyacınız olan metinleri saniyeler içinde bulun