Blåbær-Li - Ranveig Helen Lægreid, Torgeir Kinne Solsvik, Эдвард Григ

Blåbær-Li - Ranveig Helen Lægreid, Torgeir Kinne Solsvik, Эдвард Григ

Год
2012
Язык
`Norveççe`
Длительность
193670

Şarkının sözleri aşağıdadır Blåbær-Li , sanatçı - Ranveig Helen Lægreid, Torgeir Kinne Solsvik, Эдвард Григ çeviriyle birlikte

" Blåbær-Li " şarkısının sözleri

Çevirili orijinal metin

Blåbær-Li

Ranveig Helen Lægreid, Torgeir Kinne Solsvik, Эдвард Григ

Nei sjå, kor det blåner her!

No må me roa oss, Kyra!

Å nei, slike fine Bær

Og dei, som det berre kryr a'!

Nei, Maken eg hev kje set!

Sumt godt her er då tilfjells

No vil eg eta meg mett;

Her vil eg vera til Kvelds!

Men kom no den Bjønnen stor!—

Her fekk bli Rom åt oss båe

Eg torde kje seia eit Ord

Til slik ein røsjeleg Våe

Eg sa berre: ver so god!

No må du kje vera bljug!

Eg lêt deg so væl i Ro;

Ta for deg etter din Hug

Men var det den Reven rau

So skuld' han få smaka Staven;

Eg skulde banka han dau

Um so han var Bror til Paven

Sligt skarve, harmelegt Sleng!

Han stel både Kje og Lam

Men endå so fin han gjeng

Hev korkje Agg hell Skam

Men var det den stygge Skrubb

So arg og so hôl som Futen

Eg tok meg ein Bjørkekubb

Og gav han ein god på Snuten

Han reiv sund Sauer og Lamm

For Mor mi so trådt og tidt;

Ja sant!

um han berre kom

Skuld' han so visst få sitt

Men var det den snilde Gut

Der burte frå Skare-Brôte

Han fekk vel ein på sin Trut, —

Men helst på ein annan Måte

Å Tøv, kva tenkjer eg på!

Det lid nok på Dagen alt …

Eg må til Buskapen sjå;

Ho «Dokka» drøymer um Salt

Sanatçının diğer şarkıları:

2 milyondan fazla şarkı sözü

Farklı dillerde şarkılar

Çeviriler

Tüm dillere yüksek kaliteli çeviriler

Hızlı arama

İhtiyacınız olan metinleri saniyeler içinde bulun