Borga i Ur - Odd Nordstoga

Borga i Ur - Odd Nordstoga

Альбом
Luring
Год
2003
Язык
`Norveççe`
Длительность
254300

Şarkının sözleri aşağıdadır Borga i Ur , sanatçı - Odd Nordstoga çeviriyle birlikte

" Borga i Ur " şarkısının sözleri

Çevirili orijinal metin

Borga i Ur

Odd Nordstoga

To elver renn gjennom landet Ur, møtest der,

og høgt fra ein mur Ser du opptog med faner og vimplar i vind;

der elvene møtest skrid opptoget inn.

Eit bord med safirpynta beger av gull,

hyller med kunnskap, rull på rull.

Salar med strengespel,

song og lått, ringdans med fløyter og harpeslått.

Så snør det i landet: gløymselsnø.

Borte blir borga og gløymde dei brød.

Som metta dei fem tusen munnar frå korg:

Andlet ber blindt på ei tusenårssorg.

Og ingen kan minnast dei linne drag i dronningas andlet den fagre dag

Då landet her kvilte i heilag fred og alle hadde kjærleik å elske med.

Ei dør slår opp i den stille kveld,

gjennom opningen anar du skinet av eld

Og stemmer som vinden ber fram der du trør:

Dette er noko du kjenner fra før.

Ei hand spelar terning i fakkelskin,

ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;

Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:

Detter er noko du kjenner frå før.

Gløym slitet for glede og frykta for sorg;

det er her, alt du treng,

Det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.

Sjå her er dagen som renn.

Sjå, her stig sola for deg Sjå, her er korga med brød for alle,

i borga i landet Ur.

2 milyondan fazla şarkı sözü

Farklı dillerde şarkılar

Çeviriler

Tüm dillere yüksek kaliteli çeviriler

Hızlı arama

İhtiyacınız olan metinleri saniyeler içinde bulun